Tankar om eigen læringsprosess
Google.docs er ein fin måte å samarbeide om felles opplegg på. Vi kan skrive fleire samtidig, og dokumenta er tilgjengelege over alt. Som fagblogg retta mot elevgrupper kan det fungere om ein brukar det mykje nok til at dei sjekkar bloggen regelmessig. Her kan dei få hjelp med oppgåver og teori på ein for meg ny måte. Slik sett har det eit fagdidaktisk potensiale, som er gratis og kan vere effektivt.
Eg er samd med Brandtzæg i Grande Røys (red.): Delte meninger (Universitetsforlaget 2007) når han seier det er viktig med spelereglar for kva som kan skrivast og at noko bør fortsetje å vere privat. Han refererer ei undersøking av verdien av innhaldet i bloggar, og det er interessant at verdien aukar når det blir brukt fullt namn, men at anonyme innlegg fører til ansvarsfråskriving.
Elevar og lærarar må skolerast i bruken av nettbaserte læringsarenaer. Strømme i Otnes (red.): Å være digital i alle fag ( Universitetsforlaget 2007) nemner at ved feltarbeid og forsøk kan elevane måle og registrere med datalogging, det er i tråd med eigen praksis. Han nemner og visualisering og levandegjering ved simuleringar og animasjonar. Der har vi gode ressursar t.d.på Lokus og NDLA. Presentasjonar er og fint å kunne lage for elevane, det kan bli oversiktleg og med gode figurar.
Eg synest det er interessant at ein deler IKT- kompetansen opp i reiskapskompetanse og fortolkingskompetanse. ( Krumsvik i Otnes (red.): Å være digital i alle fag, Universitetsforlaget 2009) Digitalt sjølvsikre elevar er flinke i tekninsk bruk, men læraren er ikkje uviktig i å lære elevane å bruke nettressursar i faglege samanhengar.
På kva måte lærer elevane best? Det er individuelt og det beste er vel framleis å variere metodebruken ( Bjarnø o.fl.: Didiktikk, Fagbokforlaget 2008). I boka blir det ikkje laga motsetningar mellom nye og gamle innlæringsteknikkar, pugging (hugs), stimulansrespons, problemløysing, undersøking og dialog utgjer fasettane i metodane ein kan plukke frå. Der utgjer bruk av blogg og google.docs nye og spennande arenaer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar