fredag 13. mai 2011

Ungdom og sosiale medium, refleksjonsnotat

Wikispace
Wikispace er eit nyttig samskrivingsverkty der ein kan samle mange ulike typar kjelder og framstille eit tema på ein oversiktleg måte.
Lenke til wikien vår: Firdatriplett
Wikispace kan vere eit brukande verkty for elevar når dei skal samskrive, på elevøvingar t.d. Her kan dei lime inn bilete, lenke til nyttige internettadresser og skrive på same øvingane for å lage eit felles produkt. I tillegg kan ein bruke diskusjonforumet til å hjelpe kvarandre og det har samstundes eit sosialt aspekt. Eritsland (2008)
Diigo
Det er fint å ha ein plass ein kan samle stoff om ulike tema. Når ein lagar undervisningsopplegg og leitar i ulike kjelder, kan ein lagre det i diigoen og ta det fram seinare, evt kan ein forbetre opplegga ved neste gongs bruk.
Lenke til diigoen vår: Triplett
Opplegget
Vi laga startside og ei remse med mogelege etikettar. Etikettar vi ikkje hadde brukt sletta vi til slutt. Så leita vi og lagra ein del lenkjer på diigoen for å sjå kva som fannst om emnet. Deretter vart vi samde om tema på tre artiklar, og tok hovudansvar for å kome i gong med kvar sin av artiklane. Alle skreiv litt på alle artiklane, og eg skulle plukke vekk litt ordfeil. Vi kom litt seint i gong med å bruke diskusjonsforumet, i starten hadde vi korte møte i staden.
Utfordringar
Det var ei utfordring å få til å samlast i desse heildagsprøvetider. Vi er opptekne av å førebu elevane til eksamen.Teknisk var det ei utfordring å få alt til å verke slik ein ville. Med  prøving og feiling og mykje trykking gjekk det etterkvart betre.
Tema
Det er interessant å få litt meir kunnskap om ungdom og medievanar. Tønnesen (2007) seier det er mange faktorar som spelar inn og formar unge menneske si medieinteresse og mediebruk. Og som så mykje anna er mediestatistikk gjennomsnitt!
Kjelder:
Eritsland, A.G.: Samskriving
Samlaget, 2008
Tønnesen, E.S.: Generasjon.com
Universitetsforlaget 2007

Bloggslukaren

Så var det å starte på nytt! Bloggen har slukt det publiserte refleksjonsnotatet mitt, det var sjølvsagt sabla godt, og no må eg altså skrive eit nytt!!

tirsdag 29. mars 2011

"Du har ingen venner"

"Du har ingen venner" stod det, då eg var såg innom Del&Bruk, nyvinninga mi i høve datakurset. Ingen vener? Då hadde eg eg site heile fredags ettermiddag og kveld med innleveringsoppgåva, og var klar til å dele undervisninsopplegget mitt i kjemi med omverda. Resten av familien var borte i helga, berre katten og eg var att. Litt utsliten får eg altså greie på at eg er åleine, einsam og utan vener. Instinktivt triv eg telefonen og vil motbevise det med å ringe eit menneske, men vedkomande tek ikkje telefonen! Så kjem eg på at eg får skaffe meg nokre vener, legge til e-post-adresser til folk eg kjenner. Men meldinga går ikkje vekk! Så får eg prøve å lage meg ei gruppe, og det går fint heilt til eg får melding om at namnet "kjemi" er brukt før. Ja,ha,ja, men då kan eg melde meg inn der, kanskje. Og då går endeleg meldinga om at eg er venelaus bort. Eg får greie på at der er 70 andre medlemer i gruppa, du verden, 70 fullstendig ukjende vener! I dagane som følgjer er eg av og til innom for å sjå om nokon har kommentert opplegget mitt. Det let vente på seg. Det er ein lurvete venegjeng eg har skaffa meg, ikkje interesserte i undervisningsopplegget mitt! 70 ukjende, ubrukelege vener har eg no, men i alle fall er eg ikkje venelaus!

fredag 25. mars 2011

Planar og utvikling av eit undervisningsopplegg

Tema: Bruk av NMR- spekter som analysemetode  i Kjemi 2
Læreplanmål: Elevane  skal kunne tolke enkle H-NMR-spekter.

Bakgrunn:
Det har vore gjeve oppgåver med bakgrunn i dette læreplanmålet til alle dei sentralgjevne eksamenane hittil i Kjemi 2 etter kunnskapsløftet. Stoffet er teoretisk tungt, og oppgåvene ikkje alltid tydelege og greie. Så då er det fint å kunne gå litt i djupna i eit slikt tema. Å kunne samskrive i ei gruppe når elevane løyser oppgåver høyrest ut som ein god ide, og er ønskjeleg å prøve ut.
Utviklinga av undervisningsopplegget:
Gode figurar er nyttige når noko skal forklarast, og eg satsa difor på ein powerpoint-presentasjon i starten, der eg forklarte korleis apparaturen verkar og kvifor. Så kjem der fleire døme på oppgåver som vi diskuterte saman, og dei fekk då øving i å tolke spekter ut frå tabell.
Eg laga ein arbeidsplan, og den fortel om kva dei skal gjere etter presentasjonen. Oppgåvene ligg ved i eige dokument, og elevane skal samarbeide om dei gruppevis på Etherpad. Oppgåvene er eksamensoppgåver, det er nyttig med trening i å løyse eksamensoppgåver, sjølv om særleg den eine er uklår. Så inneheld opplegget lenke til ei god internettside om NMR- spekter, og til ein YouTube -film med fin forklaring om korleis apparata verkar i praksis. Det er nyttig, sidan skuleverket ikkje har slike maskiner.

Undervisningsopplegg i NMR Kjemi2


Undervisningsopplegg i Kjemi 2 om NMR-spektroskopi



Nyttig internettadresse: