Wikispace
Wikispace er eit nyttig samskrivingsverkty der ein kan samle mange ulike typar kjelder og framstille eit tema på ein oversiktleg måte.
Lenke til wikien vår: Firdatriplett
Wikispace kan vere eit brukande verkty for elevar når dei skal samskrive, på elevøvingar t.d. Her kan dei lime inn bilete, lenke til nyttige internettadresser og skrive på same øvingane for å lage eit felles produkt. I tillegg kan ein bruke diskusjonforumet til å hjelpe kvarandre og det har samstundes eit sosialt aspekt. Eritsland (2008)
Diigo
Det er fint å ha ein plass ein kan samle stoff om ulike tema. Når ein lagar undervisningsopplegg og leitar i ulike kjelder, kan ein lagre det i diigoen og ta det fram seinare, evt kan ein forbetre opplegga ved neste gongs bruk.
Lenke til diigoen vår: Triplett
Opplegget
Vi laga startside og ei remse med mogelege etikettar. Etikettar vi ikkje hadde brukt sletta vi til slutt. Så leita vi og lagra ein del lenkjer på diigoen for å sjå kva som fannst om emnet. Deretter vart vi samde om tema på tre artiklar, og tok hovudansvar for å kome i gong med kvar sin av artiklane. Alle skreiv litt på alle artiklane, og eg skulle plukke vekk litt ordfeil. Vi kom litt seint i gong med å bruke diskusjonsforumet, i starten hadde vi korte møte i staden.
Utfordringar
Det var ei utfordring å få til å samlast i desse heildagsprøvetider. Vi er opptekne av å førebu elevane til eksamen.Teknisk var det ei utfordring å få alt til å verke slik ein ville. Med prøving og feiling og mykje trykking gjekk det etterkvart betre.
Tema
Det er interessant å få litt meir kunnskap om ungdom og medievanar. Tønnesen (2007) seier det er mange faktorar som spelar inn og formar unge menneske si medieinteresse og mediebruk. Og som så mykje anna er mediestatistikk gjennomsnitt!
Kjelder:
Eritsland, A.G.: Samskriving
Samlaget, 2008
Tønnesen, E.S.: Generasjon.com
Universitetsforlaget 2007
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar