tirsdag 29. mars 2011

"Du har ingen venner"

"Du har ingen venner" stod det, då eg var såg innom Del&Bruk, nyvinninga mi i høve datakurset. Ingen vener? Då hadde eg eg site heile fredags ettermiddag og kveld med innleveringsoppgåva, og var klar til å dele undervisninsopplegget mitt i kjemi med omverda. Resten av familien var borte i helga, berre katten og eg var att. Litt utsliten får eg altså greie på at eg er åleine, einsam og utan vener. Instinktivt triv eg telefonen og vil motbevise det med å ringe eit menneske, men vedkomande tek ikkje telefonen! Så kjem eg på at eg får skaffe meg nokre vener, legge til e-post-adresser til folk eg kjenner. Men meldinga går ikkje vekk! Så får eg prøve å lage meg ei gruppe, og det går fint heilt til eg får melding om at namnet "kjemi" er brukt før. Ja,ha,ja, men då kan eg melde meg inn der, kanskje. Og då går endeleg meldinga om at eg er venelaus bort. Eg får greie på at der er 70 andre medlemer i gruppa, du verden, 70 fullstendig ukjende vener! I dagane som følgjer er eg av og til innom for å sjå om nokon har kommentert opplegget mitt. Det let vente på seg. Det er ein lurvete venegjeng eg har skaffa meg, ikkje interesserte i undervisningsopplegget mitt! 70 ukjende, ubrukelege vener har eg no, men i alle fall er eg ikkje venelaus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar