fredag 25. mars 2011

Planar og utvikling av eit undervisningsopplegg

Tema: Bruk av NMR- spekter som analysemetode  i Kjemi 2
Læreplanmål: Elevane  skal kunne tolke enkle H-NMR-spekter.

Bakgrunn:
Det har vore gjeve oppgåver med bakgrunn i dette læreplanmålet til alle dei sentralgjevne eksamenane hittil i Kjemi 2 etter kunnskapsløftet. Stoffet er teoretisk tungt, og oppgåvene ikkje alltid tydelege og greie. Så då er det fint å kunne gå litt i djupna i eit slikt tema. Å kunne samskrive i ei gruppe når elevane løyser oppgåver høyrest ut som ein god ide, og er ønskjeleg å prøve ut.
Utviklinga av undervisningsopplegget:
Gode figurar er nyttige når noko skal forklarast, og eg satsa difor på ein powerpoint-presentasjon i starten, der eg forklarte korleis apparaturen verkar og kvifor. Så kjem der fleire døme på oppgåver som vi diskuterte saman, og dei fekk då øving i å tolke spekter ut frå tabell.
Eg laga ein arbeidsplan, og den fortel om kva dei skal gjere etter presentasjonen. Oppgåvene ligg ved i eige dokument, og elevane skal samarbeide om dei gruppevis på Etherpad. Oppgåvene er eksamensoppgåver, det er nyttig med trening i å løyse eksamensoppgåver, sjølv om særleg den eine er uklår. Så inneheld opplegget lenke til ei god internettside om NMR- spekter, og til ein YouTube -film med fin forklaring om korleis apparata verkar i praksis. Det er nyttig, sidan skuleverket ikkje har slike maskiner.

1 kommentar: